Om oss

Heit Sogndal Sauna finn du heilt nede ved fjorden, ved Loftesnes fruktgard. Nett i utkanten av Sogndal sentrum, og ved enden av fjordstien, ligg Loftesnes idyllisk til mellom fjell, fjord og epletre. Her kan du ta deg ein pause frå kvardagen, nyta varmen i badestova og kombinera det med eit forfriskande bad i Sognefjorden.

Interessert i veg- eller lokalhistorie? Loftesnes har ei fortid som ferjekai som Loftesnesbrua i si tid ertstatta. I garderoben, som opprinneleg er ventehuset til Loftesnesferja, kan du sjå og lese meir om historia til ferja og brua. 

Badestova er norskprodusert og montert på den gamle Bucher-traktoren som høyrer til garden. Tilbodet er i starten basert på midlertidig pop-up, men samstundes jobbar me sjølvsagt for å få til ei permanent løysing.

Velkommen til heit Sogndal sauna, pop-up!