Steg for steg til eit vellukka besøk sjå

Heit Sogndal

  1. Pakkelista

    Når du skal besøka heit Sogndal må du ha med deg 2 stk. badehandkle, eit til bading og eit til å sitte på i saunaen. Ta med badekle og gjerne ei drikkeflaske med vatn. Me har ikkje noko servering i saunaen, verken mat eller drikke. Smykker kan svi mot huda i saunaen, difor tilrår me at du har slike småting liggande att i garderoben.

  2. Snacks?

    Det er fort å bli småsvolten etter bading, so ta gjerne med deg ein liten matbit. Men nyt maten din utanfor saunaen. Det er av hygieniske orsakar ikkje lov med mat inne i saunaen. Bruk søppelspann i garderoben til eventuelt avfall

  3. Alkohol

    Dersom det er ynskjeleg å ta med alkohol så ver venleg og vis måtehald. Dette handlar om dykkar tryggleik som gjester hjå oss. Tydleg rusa personar kan bli vist vekk frå saunaen. (drikke med sterk farge, td. Raudvin er ikkje tillete i saunaen)

  4. Aldersgrense?

    Heit Sogndal har ingen aldersgrense, men born må vera i følgje med ein vaksen. All bading og bruk av badstove er på eige ansvar.

  5. Parkering

    Gjester som kjem med bil kan parkera på merka parkeringsplassar etter snuplassen eller ved kommunalparken like ved. Sykkel kan parkerast ved garderoben. Gjester som kjem med båt kan legge til ved brygga nedanfor saunaen.

  6. Ved ankomst

    Ein frå heit Sogndal vil ta i mot dykk ved ankomst. Saunaen er fyrt opp på førehand, men dykk fyller sjølv på med ved i omnen under opphaldet. Merk at tidspunktet for dykkar opphald inkluderer tida de bruker i garderoben før og etter.

  7. Fasilitetar

    Heit Sogndal har ein enkel garderobe. Her kan de byta til badeklede og leggja att eigendelar dykk ikkje vil ha med i saunaen. Toalett er tilgjengeleg oppe på gardstunet.

  8. Saunaen

    Sjølve saunaen står plassert på ein 1985 Bucher transporter-traktor som høyrer til fruktgarden. Den står parkert heilt nede ved fjorden med bademogelegheit frå både strand og flytebrygge. Saunaen er norskprodusert frå UteSauna med ein finsk saunaomn frå Harvia. Me vil tilrå eit friskt fjordbad saman med saunaen for ei revitaliserande oppleving, men dette er heilt frivillig! Saunaen har ei kapasitet på maks 10 personar. Dette er no eit pop-up-konsept, men me jobbar med å få til ei permanent løysing.

  9. Bestilling og avbestilling

    Alle timar må førehandsbestillast gjennom nettsida. Alle timar er private bookingar. Om du må avbestilla før 48 timar får du full refusjon. Ingen refusjon ved avbestilling mindre enn 48 timar før.